Splitter ny hytte rett ved skitrekket øverst i Bøanedsetra i Stryn.

Hytta er ein del av ein vertikaldelt tomannsbolig på eit hyttetun bestående av to stk tomannsboliger. Det er ein del bakkar opp til hytta og frå hytta kan du nyte utsikta utover fjorden, nytte deg av eit fantastisk turterreng, langrennsløyper, ski inn/ut direkte til alpinbakken eller tenne i bålpanna og kose deg saman med venner og familie.

Hovudetasje:

carport, skibod, vaskerom/grovinngang, entre, wc, kjøkken med det meste av nødvendig utstyr og stue.

Underetasjen:

Fire soverom med 150cm dobbelseng, to av romma har i tillegg ei køye/liten hems på 90cm, TV stue og to bad med dusj.

Det er sengeplasser til 8 personar (+ 2 barn), men om alle sengeplassene er i bruk kan det bli trangt rundt spisebord om alle skal spise samtidig.

Uteområdet:

Stor terrasse med utgang frå stua i hovedetasje, og tilsvarande terrasse på kjellarplan med tak over. I tillegg stor platting med tak over utanfor inngangspartiet.
Bålpanna kan nyttast i terrenget nedom hytta. (ikkje på platting)

Wifi og TV med diverse kanalar er inkludert.

Gjestane må bringe sengetøy og handkle sjølv. Diverse som toalettpapir, oppvaskmiddel, bakepapir o.l kan gjestane nytte seg av det som er der, men må påberegne å supplere om det går tomt.

Vask er inkludert

Gjestane må rydde, tømme vedovn, boss og ta oppvasken etter seg.

Vi ynskjer å leige ut til vaksne/ familiar som vil nyte naturen og område i Stryn eller berre kose seg på hytta, vi vil derfor at ein person over 25 år skal ta ansvar for reisefølget. Hytta skal ikkje bli nytta til fest og skal kun brukast av det antall personar som er oppgitt ved bestilling.

JUL/NYTTÅR, VINTERFERIE OG PÅSKE

Mange ønsker å leige hytte på fjellet desse periodene, så for å utnytte feriane på ein best muleg måte har vi delt feriane i to. Første del og siste del, og det blir difor ei minimumslengd på opphaldet på 4-6 dagar. Det er ikkje mulig å bestille gjennom vår online booking, ta kontakt direkte med oss for booking desse periodene.

Trykk på bilda for tekst og større bilder