Via Ferrata Loen
I September tok eg og ei venninne turen til Via Ferrata i Loen. Vi booka guida tur med Loen Active og la avgårde ein onsdags formiddag på klatretur opp til toppen av Hoven på 1011 moh.
Via Ferrata Loen er ein fenomenalt flott opptur frå fjord til fjell. Turen går langs ein tilrettelagt klatresti der du heile vegen er sikra i ein wire. Med ein flink og kunnskapsrik guide som lærte oss med klatreutstyret og til og med bidrog som psykolog (eit lite, men krevande stykke) gjekk turen heilt superfint.
Turen går frå Nordfjorden på skogsveg og sti opp til 440 moh, deretter via ferrata opp til 900 moh.
Dette er ein tur der ein verkeleg får utfordra seg sjølv, ein får kjenne på både høgdeskrekk og at det nokre plassar er fysisk krevande å kome seg opp.
På 750 moh går vi over Gjølmunnebrua som er ei 120 m lang hengebru. Enda litt lenger oppe går ein over wirebrua, Gjølmunnestrengen, som er 36 m lang, på veg oppover Tunga på veg mot Hoven. Frå 910 moh er det vanleg sti til Hoven som ligg på 1011 moh.
Vi var veldig heldige med været, men spesielt ute på bruene merka vi at det var ein del vind. Noko som gjorde turen over ekstra nervepirrande. Eg er heldigvis ikkje høgderedd, men i slike høgder trur eg dei fleste kjenner eit adrenalinkick..
Vi hadde kjøpt oss billettar med Loen Skylift til returen, men på grunn av kraftig vind på toppen gjekk ikkje skyliften. Vi vart sitjande ei stund i restauranten, spiste nydelig god Hovenburger og kosa oss der til det vart minibusstur ned att på anleggsvegen til Oppheim og tilbake til Loen der vi fekk diplom og leverte inn utstyret vårt.
Via Ferrata Loen er ein krevjande tur på normalt 5-6 timar
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!